THE GOLDEN ROUTE GEIRANGER - TROLLSTIGEN


Har du først tatt veien til Nord-Vestlandet og til oss kan vi anbefale å besøke Trollstigen og Geiranger. Som en dagstur eller som et stopp på veien.

”Kjøreturen over Trollstigen er utan tvil litt meir dramatisk enn det dei fleste er vant til, for det som kanskje er spesielt med å kjøre rundt i Norge er at det faktisk bur eller har budd folk overalt. Sjølv på den smalaste fjellhylla eller på den vesle knausen kan det vere bygt hus. Slik er vi knytta til landskapet og naturen gjennom busetjingar der vi har funne livsgrunnlag opp gjennom historia. Likevel vil nok dette være ein digresjon, for på denne vegen er det lett å tape seg i det spektakulære. Geiranger-Trollstigen byr på fleire høgdepunkt, og det er lett å få høg puls i dei elleve snirklete svingane i Trollstigen eller når du skodar utover frå Ørnesvingen ned mot Geirangerfjorden. Frodige dalar, lune jordbærbygder, stupbratte fjell og utkikkspunkt gir både sug i magen og nokre av dei beste utsiktene Norge kan by på. Sett av god tid til turen, pausane er kjærkomne, same om du vil utfordre deg sjølv med ein topptur eller berre nyte synet. Det er så mykje meir å oppdage for kvar den som tar seg tid.

Historia – Trollstigvegen har i fleire hundre år vore viktig for ferdselen mellom Valldal og Åndalsnes. Først som ein sti, deretter som rideveg heilt fram til Trollstigvegen vart starta i 1916. Delar av den opprinnelege kløvstien er framleis synleg og farbar til fots. Det er eit spennande alternativ for alle som vil oppleve vegen slik den var i riktig gamle dagar.

Opplevingar – Nokre av dei mest oppsiktsvekkande installasjonane vi har laga finn du på denne strekninga. Her lar utsiktspunkta Ørnesvingen, Gudbrandsjuvet og Flydalsjuvet deg sleppe til i naturen på heilt spesielt vis. Med ferje på fjorden kan du komme tett på dei kjente fossefalla Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret og samtidig oppleve den mest berømte fjorden i verda, Geirangerfjorden, som er på UNESCOs verdsarvliste”.

Kilde: http://www.nasjonaleturistveger.no/no/turistvegene/geiranger-trollstigen